Om sjukdomar hjå norske emigrantar 1825-1925

Leser no:

Om sjukdomar hjå norske emigrantar 1825-1925

Av Peder Ringdal, allmennlege

Utvandrarane som mellom 1830 og 1870 gjekk ombord i seglskutene på veg til det lovande landet på andre sida av havet – til Amerika – skulle koma til å møta mange ulike helseutfordringar undervegs, både medan dei var på havet og ikkje minst etter at dei var komne fram til målet i Midtvesten. Dette galdt både kvinner, menn og born. Dei fekk snart erfare at tilgang på medisinsk-fagleg råd og hjelp var så godt som fråverande, i alle fall dei første ti-åra, og dei var for det aller meste overlate til seg sjølve. Overfarten kunne ta frå to til tre månader, men frå midten av 1860-åra tok dampskipa gradvis over. Reisetida vart då enklare og vesentleg kortare, tilhøva ombord betre og masseutvandringa tok til for alvor.

Dei første emigrantskutene var gjerne ombygde lasteskuter som for høvet var forsynt med eit ekstra dekk, eit mellomdekk der det langs skutesidene var rekker av køyer i to høgder, fylte med halm og med plass til fleire personar i kvar køye. Langsetter midten var det langbord med benker på kvar side, det var lågt under taket og trangt om plassen. I storm og dårleg vêr måtte alle opphalda seg under dekk og lukene måtte skalkast for at sjøen ikkje skulle slå inn. Her var usunne tilhøve, dårleg ventilasjon og knapt med dagslys. Toaletta var elendige og vart sjeldan reingjorde. Dei fleste nordmennene ombord hadde aldri vore på havet før så sjøsjuka melde seg fort. Smittsame sjukdomar herja, her var ingen medisinsk hjelp å få ombord og dødsfall var ikkje uvanleg. Turen over havet, som kunne ta 10-12 veker, var ei alvorleg påkjenning for dei aller fleste.

Mat for ti veker måtte utvandrarane ha med seg sjølve, og i eit eige kokhus på overdekket kunne dei varme måltida tillagast. Drikkevatnet vart utdelt ombord, dagleg fekk kvar person tre liter, men vatnet vart snart for gamalt og forureina og årsak til at folk vart sjuke. Dysenteri (blodsott) er ein alvorleg sjukdom med feber, kraftig blodig, slimete diaré og magesmerter. Den skuldast shigella-bakterier i drikkevatnet og er svært smittsam. Ubehandla fører han ofte til døden. Også ein annan alvorleg smittsam sjukdom med opphav i forureina drikkevatn er tyfoidfeber, eller nervefeber, som skuldast salmonella-bakterier, og som hjå vaksne gir mykje dei same symptoma som dysenteri. Smitten vert overført ved inntak av forureina mat eller vatn som har vore i kontakt med urin eller avføring frå sjuke dyr eller menneske. Born får gjerne denne sjukdomen i lettare grad. Med så mange menneske tett saman over lang tid var det mange tilfelle med luftvegsinfeksjonar, mange med døden til fylgje, det var mykje augeinfeksjonar og hudplager frå lus, lopper og skabb.

Dette var sjukdomar som fylgde med emigrantane også på vegen vidare gjennom landet fram til Midtvesten der dei fleste etter kvart slo seg ned. Mange hadde framleis smitten med seg, men ofte utan særlege symptom. Den første tida fann dei seg land i Wisconsin og Illinois, etter kvart også lenger vest, og mange stader var tilgangen på reint drikkevatn dårleg. Dysenterien og tyfoid-feberen melde seg igjen dei første åra i ulike nybyggarområde, som t.d. i Beaver Creek i Illinois i 1838.

Kolera, som også er ein svært smittsam og alvorleg tarminfeksjon med oppkast og store mengder vasstynne avføringar, skuldast bakterien vibrio cholerae som ein finn i forureina matvarer og drikkevatn. Den vart oppdaga i USA første gongen i 1832 i området rundt dei store sjøane Ontario og Erie, og frå 1849 spreidde sjukdomen seg vestover med emigrantane som hadde vorte smitta i New York. Samstundes kom han nordover på elvebåtane langs Mississippi frå New Orleans, og same året nådde han Chicago. Dei neste åra var det fleire alvorlege kolera-epidemiar i Midtvesten, m.a. i nybyggarområda Fox River og Koshkonong i Wisconsin, og dødstala var svært høge. Truleg var det desse epidemiane som tok flest liv hjå dei norske nybyggarane.

Mange nybyggarar tok seg land i heller fuktige og myrlendte område der det var mykje mygg. Her vart dei utsette for ein annan alvorleg sjukdom, malaria (klimafeber, sumpfeber) eller «agern» som dei ofte kalla han. Han vart overført gjennom myggstikk og var til stor plage for dei som vart smitta. Plagene arta seg som milde influensa-symptom med sykliske feber-turar av 6-24 timars varighet, og vanlege symptom var generell kraftløyse og redusert ålmenntilstand med nedsett arbeidsevne gjennom fleire veker eller månader, noko som var til stort mein for nybyggarane. Ulike organ kunne etter kvart verta påverka, m.a. leveren med utvikling av gulsott, og mange døde som fylgje av dette. Dei som flytta frå dei fuktige myrområda til høgareliggande turre lende vart friske og slapp unna smitten.

Nybyggarane budde gjerne dei første åra i små og trange jordhytter eller tømmerkoier, og ofte var det fleire familiar under same tak. Med uhygieniske butilhøve og mange personar tett saman på få kvadratmeter var det stor fare for spreiing av smittsame sjukdomar, her var det grobotn for diarésjukdomar og meir eller mindre alvorlege luftvegsinfeksjonar. Lungebetennelse med døden til fylgje var ikkje uvanleg, og tuberkulose var svært utbreidt.

Kvinnene fødte som oftast heime i desse usunne og trange hyttene, gjerne med hjelp berre av ei ufaglært nabokone. Jordmødre var det få av og dei fleste kvinnene måtte greia seg sjølve. Ein frykta komplikasjon var barselfeberen. Mange vart råka av den og den tok livet av mange kvinner. Spedbarndødelegheita var stor i dei ulike nybyggarområda.

På 1800-talet var alkoholmisbruket svært utbreidd i Noreg, Eilert Sundt fann at i 1857 var meir enn 1/3 av alle gifte menn avhengige av alkohol. Det tilvante drikkemønsteret var det mange som tok med seg til det nye landet, og alkoholisme vart eit kjent problem blant dei norske innvandrarane. Mange huslydar vart øydelagde som fylgje av dette.

Psykiske lidingar hjå nybyggarane høyrer vi ikkje så mykje om, men dei var nok ganske utbreidde, særleg hjå kvinnene. I den første emigrasjonsperioden fram til omlag 1870 var det for det meste huslydar med ektefeller og born som utvandra, ofte saman med andre slektningar. Tradisjonelt var mennene dominerande, og dei var gjerne aktive pådrivarar for å starte livet på nytt i Amerika. Husmødrene var nok meir tvilande og heller motvillig fylgde dei med. I heimlandet hadde dei sine faste oppgåver med gardsarbeid og stell av born og dyr, og sumrane på stølen var eit kjært høgdepunkt for mange. Men i nybyggarområda i Midtvesten vart det annleis. Her vart det lite dyrehald, det vart satsa mest på korndyrking og åkerdrift, arbeidsoppgåver som kvinnene ikkje tok del i, og noko stølsliv eksisterte ikkje. Utanom stell i heimen hadde dei ikkje stort andre oppgåver og mange kvinner vart gåande gjerandslause. Med stor avstand til grannane vart einsemda tyngande, dei kjende seg mislukka og heimlengta var sterk. Mange angra nok på at dei hadde reist frå heimlandet, og mange fann seg aldri til rettes i det nye landet. Mange vart prega av fortviling og tungsinn. Særleg for ei som var oppvaksen i ein trang Vestlandsdal med bratte fjellsider var overgangen til den opne, grenselause prærien utan noko å feste augene på skremmande – «ingen ting å gøyma seg bak» og vanskeleg å leva med. Den store himmelen og ingen faste haldepunkt i synsfeltet gjorde dei urolege og engstelege. Mange vart reint ut sinnssjuke, og det er fortalt at norske immigrantkvinner var overrepresenterte på amerikanske sinnssjukehus på den tida.

Det er helst dei første 40-50 åra av hundreårsperioden 1825-1925 som er interessant når det gjeld kva helseutfordringar som møtte nybyggarane etter at dei reiste frå heimlandet. Lite visste ein om årsaker til ulike sjukdomar, om smittevegar og konsekvensane av dårlege og trange butilhøve. Liten eller ingen fagmedisinsk hjelp var å få, og alle måtte klare seg sjølve som best dei kunne. Ettersom åra gjekk og dei sosiale tilhøva til nybyggarane betra seg, bustadene vart større og betre, og det vart auka tilbod om fleire og betre tenester frå ulike hald, vart nok sjukdomspanoramaet i siste halvdelen av denne perioden meir likt det som var for typisk amerikanarar flest.

Fanebilete: «Det løfterike landet» av Odd S. Lovoll (1997) s.27

Subscribe

OPPDATERING PÅ E-POST

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

*We’ll never share your details.

Join Our Newsletter

Get a weekly selection of curated articles from our editorial team.

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.