I det norsk-amerikanske kjøkkenet

Leser no:

I det norsk-amerikanske kjøkkenet

Av Lori Ann Reinhall, president, Seattle-Bergen Sister City Association

Då innvandrarane ewiarw til Den nye verda, tok dei med seg mattradisjonane sine. Nordmennene var ikkje nokre unntak. Matlagingsteknikkar som har gått i arv gjenom mange genrasjonar har halde etniske røter levande, og tradisjonelt har kvinner hatt ansvaret for kjøkkenet, både heime og .

Lutefisk middagar er høgdepunkter i juletid kvart år i norsk-amerikanske kyrkjer og samfunnssentre. Nordmennene tok med seg kjærleiken for fisk og kunnskapen om å tilberede fiskerettar til Amerika. Høgtidsdagar er dei vanlegaste tider for dei å visa fram den kulinariske arven deira.

Med si uvanlege konsistens og lukt er lutefisk framleis ein norsk-amerikansk favoritt, særleg i juletida. Foto: Fredrik Ahlsen / VisitNorway.com

Med den uvanlege konsistensen og smaken har lutefisk vorte kjelda til mange vitsar om norske nykommarar. Folk flest elskar eller avskyr lutefisk, men ingen protesterar mot desse morosame samankomstane. Kjøttballer vert ofte servert som siderett eller som alternativ for dei som ikkje er innvigde. Nordmenn er òg ekspertar i kunsten av å koke poteter, som er fast siderett til lutefisk, likeins ertestuing, smør og baconbitar. Kan hende nokon vil fylgje eit lutefiskmåltid med ein akevitt. Nyleg har norske kokkar reist til Nord-Amerika med moderne, smakfulle versjonar av denne spesielle maten.

Lefse er ein annan tradisjonsmat som har overlevd og blomstra i det norske Amerika. Den er framleis tilgjengeleg i skandinaviske bakerier og matbutikker, og det er likeins mogleg å bestille lefse på internettet. Du vil alltid finne lefse på norske matfestivaler i Amerika, og mange kulturforsamlingar tilbyr kurs om korleis ein kan laga det.

På Syttende mai er pølse med lompe yndlingsmaten for mange, og is på pinne er nesten så populær. Når det gjeld andre fiskerettar enn lutefisk, er laks særleg populær. Torsk er nesten så populær som laks.  Gravlaks pryder bordene til mange smørgåsbord, og i nyare tidar, med fiskeoppdrett o. l. , blir norsk laks servert til middag i heimer over heile Nord-Amerika.

Sursild er òg ein tradisjonell yndlingsrett, særleg på festar og feiringar. Det passar framifrå med knekkebrød, som også vart bragt til Amerika av innvandrarane.

Norske kvinnelege innvandrarar var flinke til å bake, og opp til dagen i dag er tradisjonelle norsk brød, kaker og småkaker høgt verdsett av norsk-amerikanarar. Den 1000 år gamle krumkaka med sin konform held aldri med å fortrylla og tilfredsstille, saman med ei mengd kjeks frå det norske kjøkkenet. Som i Norge er det blitt tradisjon å servera sju slags kaker ved spesielle høve i norsk Amerika.

Kronjuvelen i det norsk-amerikanske kjøkkenet er kransekaka, som ofte vert kalla for tårnkaka. Dei er høge, vanlegvis med 18 ringar eller meir, og det tek tid å lage desse praktfulle skapningane. Men dei gjer alltid inntrykk på gjestene og gleder dem ved bryllaup, døypingar og Syttende mai, når dei er pynta med små norske flagg.

Den uforgløymelege norske vaffelen fyller rommet med ein duft av Noreg. Vaffelen, med sine fem  hjartedelar, er eit symbol for velvære og kjærleik. Dei vert ofte servert med geitost, Noregs smakefulle brunost, som er tilgjengeleg i mange spesialbutikkar.

Vaflar er ein evig favoritt i Noreg — på begge sider av Atlanteren! Foto: Thomas Rasmus Skaug / VisitNorway.com

Og når dei kjøper geitost, kjøper mange norsk-amerikanarar også sveitserosten Jarlsberg , som er så populær at det finnast i mange kjøpesentre. I dag kjem det nye oppskrifter frå Noreg til Den nya verda.

Oppskriften til Kvæfjordkake (eller Verdens Beste) er ein av dei, eit godt val til spesielle høve. Ein sterk konkurrent til den velsmakelege og tradisjonelle bløtkaken. (hel setning?) Pavlova, ein importvare til Noreg, er òg svært populær ved spesielle høve.

I internett-tida er det nordiske kjøkkenet, som legg vekt på ferske ingrediensar og sunn mat, meir populært enn nokon sinne. Kokker på begge sider av havet har skrive nye kokebøker. Dei publiserar oppskriftene sine på populære matbloggar. Mange norsk-amerikanarar prøver desse oppskriftane heime, eller dei stevnar til kulturelle senter som tilbyr kurs i norsk matlaging eller nye mat-tiltak. Norsk-amerikanske kokkar deler sine kreasjonar med ikkje-norske vener, som på sin side går inn i kjøkkenet for å prøva noko nytt og deilig. Det er så mykje å nyte. Vær så god, velkomen til bord

Fanebilete: The majestic kransekake is the pièce de résistance in the Norwegian-American kitchen, sure to impress and delight guests/ Lori Ann Reinhall

Subscribe

OPPDATERING PÅ E-POST

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

*We’ll never share your details.

Join Our Newsletter

Get a weekly selection of curated articles from our editorial team.

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.