Kari Design

Amerika - Det lova landet !
Men eg reiste ikkje med forventningar i 1957. Eg reiste med ei tryggheit eg kjende, at dette var det som var meint for meg. Det hadde lagt seg til rette slik. Eg hadde fått immigrant visum, ein norsk student venta på meg, og me skulle gifta oss. Etter 10 år som husmor og to døtre kjende eg meg heime med hus og heim og barneleik. På ein tur attende til Norge fekk eg med meg norsk design til stova vår, også møblar i teak sendt direkte frå produsenten.
Design i Amerika synest eg var mangelfullt, viss det ikkje var bilar og tekniske produkt. Kunst og handverk var på eit vis forelda. Kunne eg starta ein liten importforretning? Kunne eg bli formingslærar? Eg våga meg til å gå opp på universitetet og snakka med ein rådgjevar. Han hadde fått tru på norske studentar, sa han, og eg fekk tru på meg sjølv til å setja i gang. Det vart både krevande og skapande som student i kunstfag, for eg tok alt eg kunne i design, alt eg trengde for å bli lærar, og elles litt av alt eg kunne få med i visuell kunst.
Det var tredimensjonalt arbeid eg kjende meg heime med, ikkje bilete. Siste året hadde veninnene mine alt begynt å bestilla av det eg hadde laga i sylv. Smykke i skandinavisk stil, sa dei med begeistring. Eg laga meg til verkstad i det gamle hønsehuset i tunet vårt. Då eg deltok på ein utstilling etter eg var ferdig med utdanninga mi, vart det tydeleg at eg var meint til å vera sylvsmed!
Eg hadde på eit vis oppdaga min eigen stil, men eg hadde ikkje lært mykje av sylvsmedfaget i den akademiske verda. Det plaga meg etter kvart. Men så kom smeden for å sko hesten til dotter vår. Han hadde vokse opp med ein onkel som var sylvsmed, sa han, og no var det begynt å bli så populært med indianarsmykke, så han brukte meir tid med det enn å sko hestar. «Berre kom og ver med meg på verkstaden når du har tid,» sa han.
I ein kollektiv butikk med kunst og handverk vart eg medlem, fekk mitt eige utstillingsmonter, og arbeidde der nokre dagar kvar månad. Ein dag ringde ein derifrå og sa at mitt monter var heilt tomt. Det var nokre japanarar som hadde vore innom og sett på det, og kjøpte alt saman! Så var det ein selgjar som ringde og ville ha ein liten kolleksjon av mine produkt for å visa i butikkar i skisentra i Vesten. Han var sikker på at han ville få mange bestillingar. Ja, det gjorde han, særleg frå dei med skandinavisk import.
Då eg reiste med nokre andre handverksprodusentar til varemesse i Chicago, nådde eg innkjøparar frå det norske Amerika. Så vart det New York, og der vann eg og ein designpris i 1983. Men så trekte eg meg attende til verkstad med utsal i byen der eg budde, utan produksjon som trengde tilsette hjelparar og fjerna meg frå det eg likte best. Skapande samarbeid med kvinner som laga kle, belte, hattar og skjerf, var det neste som la seg til rette for meg.
Toppbilete: Stilen KARI DESIGN vart kjend for dei fyrste åra, foto privat.

FÅ OPPDATERING PÅ E-POST
*We’ll never share your details.

Join Our Newsletter
Get a weekly selection of curated articles from our editorial team.