Hulda og eg

- på indianarreservat

Leser no:

Hulda og eg

Av Birgit Jaastad

Då Hulda Garborg fekk eit reisestipend til USA og sende 10 lange artiklar til Morgenbladet om inntrykka sine, skreiv ho ein informert artikkel om møta sine med urinnvånarane. Tittelen "Et myrdet folk. Besøk paa en Indianerreservation" slår an tonen. Ho ser med sorg at det har vore gjort store overgrep mot dei innfødde, dei har blitt drepne i konfliktar om landrettar utan respekt for deira opphavelege tradisjonar og levevis. Men Hulda Garborg er djupt imponert over handverket og oppfatninga av kjønnsroller. Dette var to av hennar interesseområde, og ho undersøkte og observerte. Her er hennar eigne ord:

"Bøffelen, som beitet i vældige Flokker paa de endeløse Prærier, gav dem  Mat og Klær; med dens Skind klædte de sine Wigwams og sine Canoer, paa det sov de, og paa det lekte deres Barn. Og av samme herlige Skin lavet de kongelige Kapper kantet med Hermelin og smykket med Beretninger om deres Bedrifter i skjøn Billedskrift."  

Ho skildrar vidare vakre perlearbeid og dekorativ utnytting av skjell og pinnsvinpiggar, og finn at mange av mønstra er universelle, t.d. er åttebladsrosa ein gjengangar. Ho referer til Hardangersaum der ho finn same basismønster.

Når det gjeld kvinnesak, eller likestilling, som også var ei av Hulda Garborg sine kampsaker, skriv ho :

"Indianerne  har Arvefølgen paa Kvindesiden. Da en Missionær engang bebreidet en ung Indianer, at han lot sin Far lide Nød, svarte han: "La ham gaa til sit eget Folk". Talaren forklarar det med at faren var frå ei anna stamme."
Hulda Garborg poserer saman med venindene Fernanda Nissen og Harriet Simonsen, og sonen Tuften (Arne) Garborg, ombord på DS Hellig Olav på avreisedagen til Amerika 17. mai 1913.

Hulda saman med tre menn frå Sioux-nasjonen ved Devils Lake, Dakota.

Hulda Garborg skildrar kvinnebunaden slik:

"Kvindernes gamle Dragter av mykt gjeteskind med lange Frynser og Prydet med Perler og Konkylier, var også skjønne; men nu er de likesaa sjeldne som vore bedste gamle Bygdedrakter."

Hulda Garborg skildra for over 100 år sidan dei innfødde som kulturfolk som "sivilisasjonen" heldt på å øydeleggje.

Då eg tidleg i 1990-åra, altså 2-3 generasjonar etter Hulda Garborg, hadde høve til å vitje indianarreservatet Rosebud i Sør-Dakota, opplevde eg på same måten som henne vakre handverksprodukt med dei universelle grunnmønstera. Eg kjende att åttebladsroser og sikksakkmønster (som mi mor kalla lyneldeborder) frå hardangersaum og  vevnader. Materiala på prærien var ulike, med  bruk av skinn og huder, pinnsvinpiggar og skjell. Men også like, t.d med glasperler som utgangspunkt for vakre dekorasjonar, sydde på huder eller tredde saman til armband og øyrepynt. I Hardangerbunaden blir desse brukte i bringeklutar og belte. Som i Noreg var glasperlene importerte, i Amerika kom dei med misjonærar eller handelsfolk som brukte dei som bytemiddel.

Patch work teppe frå Rosebud South Dakota I samband med "give away" sermon ved gravferd 1991, foto privat.

Kvinnedraktene som H.G. skildrar, var i bruk framleis i 1990-åra, men mest som våre bunader, til fest og viktige seremoniar. I samband med danseseremoniar var dei kledde i det dei kallar regalia (ikkje kostymer som dei opplever som nedvurderande). I tillegg til konkylier og pinnsvinnpiggar hadde dei nå også påsydde deler av brusboksar av metall som gav fine lydar som akkompagnement når dei dansa. Ikkje edelt metall akkurat, men kreativ utnytting av tilgjengeleg materiale for å  oppnå den effekten dei ville ha.

Subscribe

OPPDATERING PÅ E-POST

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

*We’ll never share your details.

Join Our Newsletter

Get a weekly selection of curated articles from our editorial team.

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.