Ein slags Amerikatur
Det heile byrja, som dei fleste dårlege idèar, med ein draum og lause lovord. Ein kramkar hadde snakka om Amerika. Godskalk høyrde det, og så var det bestemt. "Me dreg. Me pakkar sekken og reiser ut i verda," sa han til Lisbet.
Lisbet, som hadde hatt hovudverk sidan påska 1831 og ikkje eingong hadde fått tid til å ferdigstrikka sokken sin, sa: "Kva for ei verd, Godskalk? Me har knapt kome oss ut or Mauranger”. Men ho visste det allereie. Når Godskalk fekk noko for seg, var det som om ei geit var på rømmen – det hjelper ikkje å ropa, den er alt langt borte.
Det var 1836, eller 1838, kven tel. Dei reiste til Stavanger, for der gjekk det båt. Dei hadde høyrt om Amerika, om jord og gull – og dei såg alt føre seg korleis dei skulle bu i hus med vindauger i alle retningar og kake kvar laurdag. Dei hadde ikkje vindauge heime. Berre trekk. Lisbet hadde aldri smakt kaka utan rognebær. Så ho tenkte dette kunne då verkeleg vera noko!
Skipet såg betre ut på avstand. Lisbet vart sjøsjuk om bord før dei hadde lagt frå kai, og Godskalk stod med hua i handa og lurte på kven som hadde avgjort at havet måtte røra på seg så mykje. Dei kom knapt ut i Nordsjøen før vinden meinte noko om reiseretninga, og etter to døgn med kvalme, banning og ei svensk dame som song vuggesongar for seg sjølv, hamna dei i Gøteborg. Der gjekk dei i land. Amerika fekk venta. Ei bylgja hadde teke med seg draumen og papirbiten frå lensmannen, og Lisbet mistenkte at det ikkje berre var vatn i det glaset Godskalk hadde tømt kvelden før. Pengane var brukt opp på salt sild, ei kro med brennevin og noko som viste seg å vera ein vanskeleg diskusjon med ein svensk tollar.
Etter eit par veker i Gøteborg fekk dei skyss med ein båt til Bergen. Det var ikkje luksus, men dei fekk liggja mellom tønner og koka kaffi på ein spikar. I Bergen gjekk dei rundt i regnet og såg etter noko som likna framtid. Heim att kunne dei ikkje reisa – dei hadde jo sagt farvel for alltid, med stor røyst og høgtidsam tone, og det var ikkje måte på kor mange dei hadde vinka til. Å snu no ville vera som å leggja seg flat midt i bygda og seia: "Me tok feil." Og det gjekk ikkje. Ein får ikkje både smør på skiva og æra i behald, som dei sa. Nei, det fekk verta noko anna, kva som helst, men ikkje heim.
Ein dag, etter mykje søkjing langs Bryggen i Bergen, kom dei over ei jakt frå Eidfjord. Skipperen sa: "De kjem ikkje til noko slaraffenland, skal de vita." For i Eidfjord var det fullt av husmenn, og kvar einaste jordflekk som kunne tola eit menneske og ei pota var allereie teken. Men det fanst ein liten plass på Hotle, sa han – på utsida av elva. Det var ikkje mykje, men det var langt borte. Og for Godskalk var det det viktigaste: å koma lengst mogleg frå Mauranger. Lisbet sa ingenting. Ho berre byrja samla saman det dei eigde.
Dei bygde ei løe. Lisbet heldt spikaren, bar torv, lappa sko, kokte graut og song born i søvn. Ho delte rommet i to: eitt til mat, eitt til kyr. Ho delte døgeret i fire og kroppen i fem. Elleve born kom. Dei sov oppunder taket i ei kasse Godskalk hadde festa med vidjer. Det gynga i vinden. Men det heldt. Akkurat.
Det vart mykje poter og lite søvn. Borna reiste ut i teneste, somme til Amerika, noko foreldra aldri rakk. Andre vart. Dei vaks opp med sandjord i knokane.
Godskalk døydde ein vårdag, medan han sat ute og nikka med nasa mot fjorden. I fanget hadde han eit gamalt brev frå ein av sønene i Amerika, det var bretta så mange gonger at bokstavane byrja forsvinna. Der stod det om maismjøl og varme vintrar. Godskalk hadde lese det mange mange gonger, og kvar gong fekk han ei lita susing i øyra.
"Du kom deg ikkje dar du", sa Lisbet, medan ho bretta teppet kring knea hans. "Men du kom deg hit”.
Ho vart gammal. Stiv i kroppen, men mjuk i minnet. Ho visste kva dei hadde drøymt, kva dei bar dit, og kva som aldri kom heimatt. Dei kom ikkje til Amerika. Dei kom til Hotle. Og det var i alle fall betre enn å koma attende til Mauranger med halen mellom beina. Moralen? Det er betre å busetja seg på sandjord enn å svelgja si eiga røyst!
Biografisk notat:
Godskalk Kroka (1798-1851) frå Mauranger og Lisbet Olsdotter (1803-1888) frå Ølve fekk i fylgje MyHeritage 11 born saman. Familien forlet heimstaden i Maursnger, truleg grunna fattigdom og von om eit betre liv. Dei prøvde å emigrera til Amerika, men måtte gå i land i Gøteborg etter ein hard overfart. Der brukte dei opp resten av pengane, og kom sidan til Bergen. Etter ei tid som paktarfolk på Bu, bruk nr. 3, fekk dei festesetel på plassen “Under Brotet” av Gunnar Larsson. I 1841 flytta han til Hotle, bruk nr. 1, i Eidfjord, der dei rudde seg ein liten heim.
Kjelde:
Lægreid, N. (1939). Ein mislukka "Amerikatur" i 1830-åra. Hardanger, 76–77. Utne: Hardanger historielag.
Lægreid, T., & Lægreid, A. (1992). Gards- og ættesoge for Eidfjord. Eidfjord: Eidfjord kommune.
MyHeritage. (u.å.). Godskalk Torbjørnsen Kroka.
Fanebilete: Parti af Fisketorvet i Bergen Knut Knudsen si klassiske samling ved UiB

FÅ OPPDATERING PÅ E-POST
*We’ll never share your details.

Join Our Newsletter
Get a weekly selection of curated articles from our editorial team.