Tips?

Leser no:

Tips?

Har du tips?

Å spora opp historia til kvinnene i Vågespel er eit utfordrande – men viktig arbeid. Mange av dei me fortel om, reiste ut frå Noreg tidleg på 1800-talet. Spor etter dei er ofte få, og det kan vere vanskeleg å finne både namn, bilete og konkrete opplysningar.

Me har lagt ned mykje research i å finne fram til kjelder, brev, familiehistoriar og dokumentasjon. Likevel har det ikkje vore mogleg å finna t.d. foto av alle kvinnene enno.

Difor vil me gjerne høyra frå deg! Kanskje du har kjennskap til ei av kvinnene me nemner i podkasten? Kanskje finst det eit gamalt fotoalbum, eit brev, ein namneregistrering, eller ein historie som er vorte fortald i familien? Alle små trådar kan føre oss vidare. Ta gjerne kontakt med oss via kontaktskjemaet.

Me har fått mange fine meldingar frå lyttarar og publikum – tusen takk! Fleire har delt nye soger, namn og brev knytt til kvinner som utvandra frå Noreg, og det er me djupt takksame for.

Sit du på ei soge om ei kvinne som utvandra, som du har lyst å dele med oss? Enten det er eit minne, ei forteljing frå familien, eit gamalt bilete eller ein gjenstand – vil me gjerne høyre frå deg. Ta gjerne kontakt med oss via kontaktskjemaet.

Subscribe

OPPDATERING PÅ E-POST

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

*We’ll never share your details.

Join Our Newsletter

Get a weekly selection of curated articles from our editorial team.

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.